TT-teneste
Søknadsfrist 1. februar 2012

Transportteneste er ei fylkeskommunal teneste. Den tilbyr skyss med drosje frå dør til dør for innbyggjarar som ikkje kan eller har vesentlege vanskar med å nytte ordinær kollektivtransport.
Søknaden
Alle som søkjer på TT-ordninga må sende med BILDE OG LEGEERKLÆRING.
Funksjonshemminga må vare over eit år. Søknaden blir behandla av ei tildelingsgruppe med 3 fagpersonar frå helse- og sosialsektoren. Søknadsfrist er 1. februar kvart år.
Søknaden sendast til Ål kommune, servicetorget, 3570 Ål.
Meir informasjon og søknadsskjema får ein på servicetorget eller du kan laste det ned her:søknadsskjema
Her finn du meir informasjon om tenesta
Klage
Søkjaren kan klage på vedtaket. Klagefrist er 3 veker. Klientutvalet er klageinstans