Produksjonstilskot i jordbruket

Til alle søkjarar med storfe

Avtalepartane i jordbruksoppgjeret er samde om at nye delar av landet skal ta i bruk data frå husdyrregisteret i tilskotsforvaltinga. I år er turen blant anna kome til kommunane i Hallingdal.

 

Det inneber at søknad om produksjonstilskot blir sjekka opp mot husdyrregisteret. Føretak der tala ikkje stemmer vil få brev frå Mattilsynet utpå hausten med frist til å rette opp avvika innan ein gjeven dato. Dersom tala framleis ikkje stemmer, blir tilskotet redusert med 500 kroner per dyr anten dyrtalet er for høgt eller for lågt.

 

Dess meir som stemmer på teljedato 31. juli, dess betre. Me vil difor sterkt oppmode alle om å gjera unna dei innrapporteringane som ’ligg på vent’ heime. Det er òg lurt å sjekke dyrestatus i husdyrregisteret. Dei som har spørsmål kan ta kontakt med rådgjevaren sin i ku- eller storfekontrollen, eventuelt Mattilsynet for dei som ikkje er medlem i nokon av kontrollane

Publisert
26.07.2011
Sist endra
01.08.2011
Publisert av
Turid Hilde Gåsbakk

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune