Produksjonstilskot - søknadsfrist 20. januar

Illustrasjonsfoto av sauer

 

Produksjonstilskot er eit samlebegrep for ei gruppe av direktetilskot i jordbruket med felles forvaltningsrutinar. Det er kommunen som er handsamar og avgjer søknader om produksjonstilskot. Sjølve tilskotet vert utbetalt sentralt frå Statens landbruksforvaltning 

Krav til søkjarar

Foretak som driv vanleg jordbruksproduksjon og disponerer dyr og/eller areal, kan søkje produksjonstilskot. Alle føretak som ønskjer å søkje produksjonstilskot må ved registreringstidspunktet:

  • vere registrert i Einingsregisteret 
  • vere registrert som meirverdiavgiftspliktig og kunne levere årsoppgåve som landbruksføretak, eller ha hatt ei omsetning og uttak av avgiftspliktige varer og tenester på til saman minimum kr 20 000 i løpet av dei siste tolv månader før registreringsdato.

Nærare vilkår for å kunne få produksjonstilskot står i Forskrift om produksjonstilskudd i jordbruket.

Tilskotsordningar

Det er mange ulike ordningar som ligg under begrepet produksjonstilskot. Desse ordningane er aktuelle i vårt område:

  • tilskot til bevaringsverdige storferasar
  • tilskot til grønt- og potetproduksjon
  • driftstilskot til mjølkeproduksjon
  • driftstilskot til spesialisert kjøtfeproduksjon
  • tilskot til husdyr
  • tilskot til dyr på beite
  • areal- og kulturlandskapstilskot
  • tilskot til økologisk landbruk

I tillegg til desse ordningane er det fleire tilskotsordningar som er overført til regionalt miljøprogram (RMP) i kvart fylke. Les meir om dette her.

Søknadsfristar

Det er to søknadsfristar i året med tilhøyrande registreringsdato.:

  • Søknadsfrist 20. januar med registreringsdato 01.01.
  • Søknadsfrist 20. august med registreringsdato 31.07.

Søknad / elektronisk søknad

Det er mogeleg å søkje om tilskot via Internett. Denne tenesta er tilgjengeleg i ei periode på ca. 20 dagar før søknadsfristane. Elektronisk søknad er tilgjengeleg via Altinn.  Tidlegare søkjarar får tilsendt søknadsskjema i posten. Nye søkjarar kan finne søknadsskjema og rettleiingshefte på nettsida til Statens landbruksforvaltning eller ved å ta kontakt på Servicetorget.

Meir informasjon

Dei ulike tilskotsordningane er definert i jordbruksavtala og i rettleiingsheftet som vert gjeve ut i samband med den enkelte søknadsomgang. Alle reglar om kor mykje tilskot kvar enkelt søkjar har rett på, slik som tilskotssatsar, soner, reglar for fastsetjing av driftssenter og definisjonar av husdyrslag og vekstgrupper, går fram av jordbruksavtala, og står også i rettleiingsheftet.

Heile jordbruksavtala finst på nettsida til Landbruks- og matdepartementet.  Ønskjer du meir opplysningar om produksjonstilskot så finn du meir informasjon hjå Statens landbruksforvaltning eller ta kontakt med Utviklingsavdelinga.

Endringsskjema for kontonummer:
Skjema for endring av kontonummer finn du hjå Statens landbruksforvaltning.

Publisert
10.01.2011
Sist endra
20.01.2011

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune