Offentleg ettersyn - Detaljregulering Øyni, DKM Hallingdal
I samsvar med § 12-10 i plan- og bygningsloven har Sektorutval for teknisk- næring og ressurs i møte den 21.12.10, sak 92/10 vedteke å leggje Detaljregulering Øyni, med tilhøyrande føresegner og planomtale, ut til offentleg ettersyn.
Planområdet ligg ca. 3 km vest for Torpo, på begge sider av Hallingdalselva, mellom Rv 7 i nord og jernbanen i sør. Formålet med planarbeidet er å legge til rette for etablering av aktivitetssenter for DKM Hallingdal, med tilhøyrande nærmiljøanlegg. Planområdet er lagt ut som byggeområde for tenesteyting, område A1 og A2 i Arealdelen av kommune 2010-2022.
Framlegg til detaljregulering er lagt inn i planarkivet på Ål kommune si heimeside, ID 2008001, samt på Ål bibliotek og Servicetorget.
Eventuelle merknadar må rettast til Ål kommune, Utviklingsavdelinga, 3570 Ål innan 08.03.11.