Kulturprisen tildelt Aagot Noss

Bilete av Aagot Noss og Torleif Dalseide. Foto: Håvard Folkedal Hallingdølen

Ål kommune sin kulturpris vart torsdag 16. desember tildelt Aagot Noss.

Her er utdrag  frå ordførar Torleif Dalseide si tale til prisvinnaren:

Ein person som gjennom eit halvt hundreår har vore ein kulturpersonlegdom, ikkje berre i Ål eller Hallingdal men i Noreg, er Aagot Noss f. i 1924  Ål.
Ho har reist på kryss og tvers i Noreg for å samle informasjon og detaljar om bunader og folkedrakter  frå folk som bar tradisjonane frå gamal tid.

Aagot Noss har med sikker språksans og uvurderleg kunnskap skrive utruleg mange artiklar i publikasjonar som ”By og Bygd” og Norsk Folkemuseums årbok.
I tillegg har arbeidet til Aagot resultert i fleire filmar og eit titals bøker og mange mindre publikasjonar.

Gjennom åra har Aagot fått ei rad utmerkingar og prisar mellom anna fått Kongens Fortenestemedalje i gull i 1994.
Ho er også utnemnt til Ridder av 1. klasse av St.Olavs Orden.

Aagot har gjort eit eit stort og fortenestefullt arbeid i å registrere, nedteikne og ikkje minst sikre ein viktig del av kulturarven vår for framtida.
Eg er stolt over å få lov å dele ut Ål kommune sin kulturpris på vegne av kulturutvalet til ein so verdig vinnar!
Gratulerer!
 

Publisert
17.12.2010
Sist endra
12.01.2012

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune