Hallingdal barnevern - spesialkonsulentar - nyoppretta stillingar
Det er frå 1. februar 2012 ledig to 100 % stillingar som spesialkonsulentar. Desse skal saksbehandle og ha tiltaksarbeid i utfordrande og krevjande saker samt gje rettleiing og konsultasjon til kollegaer.
Kvalifikasjonar
- Barnevernpedagog, sosionom eller anna relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå.
- Erfaring frå barnevernfagleg saksbehandling.
- Relevant vidareutdanning med relevant praksis etter vidareutdanning.
- Spesialkompetanse eller klinisk godkjenning etter FO’s kriteriar.
- Rettleiarutdanning og/eller godkjent rettleiar etter FO’s kriteriar.
Vi legg vekt på desse personlege eigenskapane:
- Evner og ferdigheiter i å arbeide med barn, unge og foreldre,
- Evne til å arbeide målretta, sjølvstendig og systematisk
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og like å jobbe i team
- God skriftleg framstillingsevne
- Tåle stort arbeidspress og høgt tempo
- God sosialkompetanse
- Positiv holdning og godt humør
Vi kan tilby
- Fleksibel arbeidstid
- Muligheit for fagleg utvikling og vekst gjennom fagleg rettleiing og intern opplæring.
- Deltaking i utvikling av ein ny felles barnevernsteneste for Hallingdal.
- Løn etter avtale
Arbeidstakar må delta med ca 5 veker heimevakt i året (barnevernvakt). Kompensasjon for heimevakt vil være ca. 21.000,- pr. år.
Stillinga krev gyldig politiattest. Den tilsette må kunne disponere eigen bil i teneste. Forskjøvet arbeidstid må påregnas ved behov.
Hallingdal barnevernteneste bruker dataprogrammet Familia som saksbehandlingsverktøy.
Har du har spørsmål om stillinga, ta kontakt med Lars Even Olsen, tlf. 90164073, epost: lars-even.olsen@aal.kommune.no.
Send kortfatta søknad med CV til: postmottak@aal.kommune.no, eller til Ål kommune, Personalkontoret, Torget 1, 3570 Ål.
Søknadsfrist: 25.01.12