Det er mogleg å nytte e-postadressa til Ål legekontor.
E-postadressa er:
legekontoret@aal.kommune.no til timebestilling, bestilling av resept, bestilling av time for sårskift og til enkle spørsmål rundt medisinar, reseptar eller prøvesvar.
E-post til legekontoret blir ikkje vurdert som 100% sikker kommunikasjon; det finst risiko for at uvedkomande kan få tilgang til e-posten. Det er difor viktig at du ikkje skriv personnummeret ditt eller annan sensitiv informasjon i e-post til legekontoret; bruk berre fullstendig namn.
Vi vil også gjerne at du oppgjev eit telefonnummer/mobilnummer der vi kan nå deg, dersom det er behov for avklaringar rundt bestilling, spørsmål eller beskjed vi får frå deg.
Elles når du legetenesta på telefon:
Legevakt 32 08 24 88 ved behov for øyeblikkeleg hjelp - også på dagtid
Ål legekontor 32 08 53 50 for andre typer spørsmål, t.d. timebestilling, bestilling av resept,blodprøver, sårskift.