Vassmålar

Bilete av vassmålar

Ål kommune sine gebyr for vatn og avløp er rekna etter forbruk av vatn.
Eit forbruk kan enten målast eller stipulerast. Der det ikkje er installert vassmålar, vert forbruk stipulert.

Forbruk kan kun stipulerast i bustad eller fritidsbustad - alt anna forbruk SKAL målast!

Gebyret i Ål kommune er todelt; eit fastledd og eit forbruksledd. Storleiken på gebyret er delt omtrent i to. Dette grunna at halve kostnaden med vassanlegga er kapitalkostnader. Heile kostnaden med vassanleggeta vert betalt av abonnentane med gebyr. ( sjølvkost

Normalforbruk av vatn i ein husstand vil variere sterkt etter kor mange som bur i husstanden, kva slags VVS-utstyr som er installert og ikkje minst om det vert nytta vatn til vatning av plenar og hageanlegg med spreiarar.

Eks.
Dersom det bur ein person i ei bueining på over 80m2 bruttoareal, som ikkje vatnar plenen, vil det truleg lønne seg stort å installere vassmålar. Denne vil betale slikt gebyr for 2012 utan vassmålar:

Vatn Fastledd kr. 1902,-
  Stipulert forbruk kr. 1923,-
    kr. 3825,-
       
Avløp:      
  Fastledd kr. 2303,-
  Stipulert forbruk kr. 2661,-
    kr. 4964,-

Sum: 8789,-
Mva. 2197,25,-

Totalt 10986,25

 

Ved eit målt forbruk  på 70m3 og bygg over 80m2 vil rekninga bli:

Vatn:      
Fastledd kr. 1332,-  
Målt forbruk kr. 897,40,-  
  kr. 2239,40,-  
Avløp      
Fastledd kr. 1612,-  
Målt forbruk kr. 1223,-  
  kr. 2835,-  

Sum 5074,-
Mva. 1268,60,-
Totalt kr. 6342,60

Dette gir ei innsparing på 4643,65,- pr. år.

 

Eks. Forbruk 100m3 i bueining over 80m2 bruttoareal:

Vatn      
Fastledd kr. 1902,-  
Målt forbruk kr. 1282,-  
  kr.

3184.-

 
Avløp      
Fastledd kr 2303,-  
Målt forbruk kr. 1774,-  
  kr. 4077,-  

Totalt kr. 7261,-
Mva kr. 1815,25,-
Totalt kr. 9076,25

Dette gir ei innsparing kr 1906,- pr. år.

Forskjellen mellom forbruk over/under 80m3 pr. år er avgjerande for storleiken på gebyret.

Kva kostar det å kjøpe og installere vassmålar?
Dette vil variere frå hus til hus kva installasjonskostnaden vil vere, alt etter røropplegg og kva for tilpassingar som må gjerast.
Ein standardinstallasjon vil vere på ca 2500, og ein standardmålar vil vere på ca kr. 3500,-.
Totalkostnad ca kr. 6000,- for målar og installasjon. Det må sjølvsagt takast kontakt med ein rørleggar for å få eksakt pris.
Levetid for ein vassmålar vil vere omtrent 8 år. 

Bestemmelser for bruk av vassmålar i Ål kommune.

Gebyrregulativ for Ål kommune 

Publisert
01.02.2010
Sist endra
13.01.2010
Publisert av
Inger Lervåg

Kontaktinformasjon

 

Plomberingsutstyr for vassmålar er i Servicetorget og kan kvitterast ut av rørleggjar.