22. juni vart snora skoren over og sansehagen opna. Ordføraren Torleif Dalseide og avdelingsleiar Tone Fossgård Berg sto for den høgtidelege handlinga.

Elin Gryting, leiar av demensforeininga i Ål fortalde historia om sansehagen og takka alle eldsjelene, tilsette, handtverkarar og frivillige som har teke del i dette store prosjektet. Sansehagen er for alle som bur på Ål Bu- og behandlingssenter, ein stad å finna stillheit, ein stad å minnast og ein stad å møtast for samtale, inspirasjon og livsglede, sa Elin Gryting.

Dei over 100 frammøtte vart trakterte med rømmegraut, spekemat, blautkake og kaffi. I ei ramme med sol, varme, trekkspelmusikk og god mat, vart dette ei flott opning av sansehagen ved Ål bu og behandlingssenter.
Dei over 100 frammøtte vart trakterte med rømmegraut, spekemat, blautkake og kaffi. I ei ramme med sol, varme, trekkspelmusikk og god mat, vart dette ei flott opning av sansehagen ved Ål bu og behandlingssenter.
Forskar Liv Jensen ved Høgskulen i Buskerud har vore med å læra opp dei tilsette til å nytte sansehagen i det daglege omsorgsarbeidet. Ho skal i eit vidare prosjekt sjå på kva hagen kan ha å sei for menneske med demenssjukdom.
Ho rosar Ål kommune for sansehagen som er utvikla i nært samarbeid med fagpersonar på dette feltet. Dette er den mest innhaldsrike og vakraste sansehagen eg har sett, seier ho. Det er ein sansehage for alle årstider.
I hagen er det kaninbur og hønsegard, det er metervis med blomsterbed og plantekasser i bordhøgd.
Mjølkerampa og steinmuren er sentrale element i sansehagen

Gamlestugu og Nigardstugu er naturlege stoppestader eller kvilestader langs gangvegane

Sildrebekken under bjørketrea

Gamlestugu er flytta frå garden Brenno i Gol

Gamlestugu vert ein triveleg møtestad både sommar og vinter
