Lokalmedisinsk senter ved Hallingdal sjukestugu
Helsedialogmidlar til vidare utvikling

Tidlegare i år vart det søkt om Helsedialogmidlar til gjennomføring av hovedprosjektet, og det er no bevilga 320.000,-
Hallingdal sjukestugu har gjennom mange år som desentralisert spesialisthelseteneste, og med lange tradisjonar for samarbeid med kommunane i Hallingdal vore modell for distriks-Noreg.
Prosjektet famnar vidt og fangar opp alle dei store utfordringsområda som samhandlingsreforma berører. Nærleik og tilgjengelegheit til trygge og gode helsetenester er mål ein over tid har arbeidd for i Hallingdal.
Hallingdal tilhøyrer dei delar av landet kor 10% av befolkninga har meir enn 1 times reiseveg til næraste sjukehus.
(Kjelde; Magasin for Vestre Viken HF)