Jobbe i Ål kommune?

 Fødalen. Bilete frå Ål fjellstyre

Ål er den største av Hallingdalskommunane med våre 4700 innbyggjarar. Vi har storslagen natur og gode tilhøve for sport og friluftsliv.

Vi har regionalt helsesenter; Hallingdal Sjukestugu og eit veldrive kulturhus med mange og gode tilbod for kommunen og regionen.

Ål har godt utbygd skuleverk, vidaregåande skule, full barnehagedekning og solid økonomi.

Næringslivet er variert og har mange bedrifter i god vekst og utvikling.

Vi har for tida desse ledige stillingane i Ål kommune

Du kan finne ledige stillingar i heile Hallingdal ved å gå inn på NAV arbeid sine sider, lenke til høgre

Til deg som skal søke stilling i Ål kommune; Vi ynskjer søknad m/CV enten på papir sendt til Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål, eller på e-post: postmottak@aal.kommune.no.

Søknad/CV sendt på CD vil bli returnert ulest.

Publisert
04.02.2010
Sist endra
04.02.2010
Publisert av
Inger Lervåg

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune