Ål kommune tilbyr eFaktura

Illustrasjonsteikning av eFaktura

Ål kommune kan no tilby eFaktura ved utsending/betaling av rekningar. 

Neste gong du betaler ei rekning frå  Ål kommune i nettbanken din, vil du få tilbod om å opprette eFaktura- avtale med kommunen. Dersom du inngår ein slik avtale, vil du for framtida få alle rekningar frå kommunen som eFaktura, direkte i nettbanken din. 

Dersom du har avtalegiro - avtale med kommunen på enkelte rekningstyper og opprettar eFaktura-avtale i tillegg, vil du i framtida få rekninga tilsendt som eFaktura i nettbanken din, og den vil bli trekt på forfallsdatoen. 

Det vil ikkje stå på fakturaen at det er avtalegiro, men det vil stå i epost-varselet som du får frå banken når du mottek fakturaen.

Publisert: 06.07.2010
Sist endra: 06.07.2010

Torget 1, 3570 Ål  •   Tlf: 32 08 50 00  •   Send e-post til Ål kommune  •  Nettansvarleg: Inger Lervåg