30 år i Ål Kommune
Tysdag 22. juni bad Ål kommune inn alle sine 30 års jubilantar til jubileumsmiddag i Nesch museet i Ål kulturhus.
Alle som har vore tilsett i 30 år i Ål kommune får ei gullklokke for lang og tru teneste. På denne markeringa var det 12 tilsette som har hatt Ål kommune som arbeidsgjevar gjennom 30 år.
Personalsjef Unni Sørensen ynskte velkommen og sa at ho håpa valet om å vera tilsett i Ål kommune over så lang tid var tufta på at det er ein god arbeidsplass.
Rådmann Bjørgulv Noraberg overrekte gullklokkene og sa nokre ord til kvar einskild jubilant.
Helene Kleiven frå Ål kulturskule spelte torader og skapte ei fin ramme rundt markeringa.

Rådmannsteamet og avdelingsleiarane var til stades på markeringa.
Jubilantane hadde høve til å ta med seg ektemake/følgje, og det var tilsaman 30 personar samla rundt eit festdekt bord i Nesch museet.
- Desse fekk gullklokke:
- Ruth Bjella
- Sissel Hansen
- Liv Svensgård
- Astrid Teigen
- Olaug Viken
- Målfrid Haugen
- Liv Holm
- Kirsten Halland
- Lene Moslåtten
- Ivar Brevik
- Ingvard Solberg
- Gudrun Dahl ( var ikkje tilstades under markeringa)