Kommunereforma

Kommunereforma

I Ål skal me, som andre kommunar, ta opp kommunereforma til utgreiing. Formannskapet har gjort vedtak om å sjå på tre løysingar.

 Det er:

1.     Ål framleis som ei kommune
2.     Ål som ei kommune saman med Hol
3.     Ål kommune som ein del av «Hallingdal kommune.»

Dette arbeidet vert sett i gong av ei arbeidsgruppe med medlemer frå alle sju politiske parti me har i Ål.  

Me har og bestemt at me vil ha eit felles møte med formannskapet i Hol for ei drøfting av saka.
Dette med bakgrunn i at ei slik løysing har vore oppe før, i 2003, og av di dette er ei løysing som mange ser for seg som mest aktuell dersom me ikkje vel, eller får lov til, å vere eigen kommune i framtida.

Så langt tolkar eg formannskapet slik at ei felles kommune i Hallingdal med eit klart definert regionsenter som minst aktuelt. Men alt dette kan endre seg i takt me dei utgreiingane me vil få gjort.

Arbeidet vidare det næraste halvåret vil avklare dette viktige spørsmålet omkring kommunestruktur i Hallingdal.

Ivar Brevik

 

 

Sist publisert
11.11.2014
Publisert av
Ivar Brevik

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune