Presentasjon av kommunen

Velkomen til Ål



Ei fjellbygd midt i Sør-Noreg

- men kva slags bygd?
kulturbygd?
friluftsbygd?
jordbruksbygd?
helsebygd?
hyttebygd?

bygda å bu i

Generell informasjon
- 4700 menneske
- 1173 kvadratkilometer.
- 22 mil til Oslo
- 24 mil til Bergen
- riksveg 7 og Bergensbanen passerar Ål
- tettstaden Sundre er sentrum i Ål
- tre kyrkjesokn; Ål, Torpo og Leveld
- seks barneskular, av dei ein privat og ein ungdomsskule
- seks barnehagar, av dei to private, god dekking
- Ål vidaregåande skule med avdelingane Ål og Lien på Torpo
- Ål folkehøgskule for døve og høyrande, Bakketeigen
- Hallingdal sjukestugu

Næringsliv
- Ål er ei tradisjonell landbruksbygd, største husdyrkommunen i Buskerud.
- Hallingdal sjukestugu med sitt sjukehustilbod til dalen i tillegg til det kommunale helsestellet, gjev bygda stor helseekspertise og mykje helsepersonell.
- Skulesenter med Ål vidaregåande skule, Lien Landbruksskule og Ål Folkehøgskule og kurssenter for døve.


- Reiselivet har i Ål ein annan profil enn i dei andre bygdene i Hallingdal. Ål har ikkje dei store turistbedriftene, men meir familie- og hytteturisme.
Kulturhuset har ringverknader med tanke på kultur som næringsveg, og saman med Døves Media, avisa Hallingdølen og nyetablerte bedrifter har kultur, media og IKT blitt eit viktig satsingsområde for bygda.


- Industriverksemd ved Kleivi Næringspark, Torpo Næringshage, Gullhagen og Oppsjø har styrka Ål som industrikommune.
- Ål er leiande i Hallingdal innafor byggebransjen, med fleire store entreprenørfirma og firma innan elektro, VVS i tillegg til arkitekt- og konsulentfirma.

Kulturbygda
Kulturlivet har lange tradisjonar og mange uttrykk. I 1992 vart det bygd eit regionalt kulturhus som har markert Ål og Hallingdal på kulturkartet både med spennande eigenproduksjonar og gjestande artistar av høg internasjonal kvalitet.


Faste arrangement
Her er fylgjande faste arrangment:

Den norske folkemusikkveka blir arrangert i månadsskifte mai/juni kvart år.

Ålutstillinga pregar bygda ei helg i juni, med landbruksutstilling, dyrskue, handverk og ymse kulturelle innslag.

Ål cup i handball (april/mai) og fotball (august) for aldersbestemte klassar.

Liatoppsprinten Landets største skikyttarstemne for aldersbestemte klassar (april).


Riksteatret har fast spelestad i Ål kulturhus


Bend It er verdas største alpinfestival for ungar under 12 år.
Denne blir arrangert i Ål skisenter i mars kvart år.

Ål skisenter

Idrettsarenaer
Gymsalane på skulane er flittig brukt

Ål idrettshall, eigd av Ål kommune, ligg saman med skulane i sentrum. Hallen har innandørs skytebane og klatrevegg.

Liatoppen skisenter med fylkesanlegg for skiskyting har årvisse skiskytings- og langrennsarrangment, eigd og driven av alle idrettslaga i bygda saman med skiskyttarlaget.

Ål idrettspark for friidrett og fotball er eigd og blir driven av Ål idrettslag.

Bakketun idrettsplass er Torpo Idrettslags anlegg



Den gjevaste idrettsarenaen er likevel åsen og fjellet med merkte stigar og ca 380 km preparerte skiløyper.

Publisert
08.11.2007
Sist endra
30.06.2010

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune